Verdsomfattande nedgang i bier og andre insekter utgjer ein dramatisk trussel for matproduksjon og biologisk mangfald, men planter ser ut til å kunne tilpasse seg utfordringane. I alle fall på kort sikt.

Dei aller fleste frøplanter er heilt eller delvis avhengige av pollinatorar for å setje frø. For å forstå konsekvensane av dette må vi forstå planter si evne til å tilpasse seg pollineringssvikt.

I mitt doktorgradsarbeid har eg evaluert det evolusjonære potensialet til avstanden mellom han- og hostrukturane i ein blome, herkogami. Herkogami er viktig for evna til sjølvpollinering, og dermed evna til å setje frø og overleve i fråvær av pollinatorar.

I dag er det i stor grad insekt som står for pollinering. Dersom insekta forsvinn er det truleg at mange planter kan utvikle seg til å pollinere seg sjølve. Foto: Elena Albertsen.

Evolusjonært syn på reproduksjon
Forståing av det evolusjonære potensialet til herkogami bør derfor også gi innsikt i det evolusjonære potensialet til reproduksjonssystem hos planter.

Ein litteraturstudie og metaanalyse viste at det evolusjonære potensialet til herkogami, målt på ein proporsjonal skala, var meir enn 10 gongar så høgt som for andre blometrekk. Det betyr at det er relativt enklare å endre graden av herkogami samanlikna med å endre størrelsen på, for eksempel, kronblada.

Dette betyr at herkogami, ved nedgang i pollinatorbestandar, kan endrast raskt gjennom evolusjon ved naturleg utval.

Survival of the fittest
Feltstudiar av den tropiske slyngplanten Dalechampia scandens i Costa Rica avdekte ein klar samanheng mellom herkogami og pollineringsmiljø: plantepopulasjonar med fleire pollinatorar hadde større herkogami. Dette kan bety at når pollinatorar forsvinn eller vert færre, utviklar planter seg mot større grad av sjølvpollinering.

Meir detaljerte studiar i nokre populasjonar viste at naturleg seleksjon også var avhengig av pollineringsmiljøet, noko som støttar den observerte samanhengen mellom herkogami og pollineringsmiljø.

Veksthusstudiar viste at populasjonsforskjellar i herkogami var genetisk styrte. Alt i alt viser desse studiane at i Dalechampia, og i mange andre planter, er eit skifte til større grad av sjølvpollinering eit sannsynleg utfall av nedgang i pollinatorbestandar.

Positivt på kort sikt, usikkert på lang sikt
Medan sjølvpollinering kan berge plantepopulasjonar frå utdøying på kort sikt, kan det også føre til tap av genetisk variasjon og dermed minka evne til vidare evolusjonære endringar.

Langtidskonsekvensane av nedgang i pollinatorbestandar er difor enno usikre.

 

 

Dette blogginnlegget vart skreven av Øystein H. Opedal.
Han har tatt doktorgraden ved Senter for biodiversitetsdynamikk.
Sjå også Øysteins eigen blogg for meir informasjon om forskninga hans.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Share on LinkedInEmail this to someone